Informasjonsmøter om narkotika
Lionsklubbane
i Sykkylven inviterer bygdefolket og spesielt foreldre til sitt
5. informasjonsmøte om narkotika i vestibyla på Storhallen,
onsdag 30.oktober 2002 kl. 19.00.
Lensmann på Nordfjordeid, Vebjørn Moa, vil orientere
om problem knytt til narkotikamisbruk.
Trygve Ebbesvik orienterer om forholda i Sykkylven slik han opplever
det frå sin ståstad. Sykkylven
vidaregåande skule har gjennomført ein spørje-
undersøking om narkotika på skulen, og vil presentere
denne på møtet. Orientering
frå Sykkylven Lensmannskontor som stiller med to personer
på møtet.
Lions ser det
som viktig at foreldre engasjerer seg i ungdomen si framtid, og
kampen mot narkotika. Vi serverer
kaffi og kjeks. GRATIS
INNGANG ! PRESSEKLIPP
Det gjeld vår ungdom
-
Utviklinga av stoffmisbruk
i Norge er urovekkjande fordi:
Det er ikkje lenger noko
storbyfenomen Det er knapt den bygd
eller tettstad, som er fri for dette alvorlege problem Debut-alderen er farleg låg Cannabis-stoffa hasj og mariuana
er ikkje milde uskuldige stoff All forskning har avslørt
at det dreiar seg om særs farlege substansar som
angrip viktige organ og funksjonar i kroppen Hasj er start-stoffet