Lions Club Sykkylven   Lions Club Sykkylven/Sigtuna

Internett: lions.sykkylven.com

 

 

Kjære foreldre !

 

Invitasjon til kurs.

 

Etter folkemøtet mot narkotika som Lionsklubbane i Sykkylven arrangerte i slutten av oktober, har vi vorte kontakta av fleire foreldre som vil lære meir om narkotika og rusproblem blant ungdom.

Vi som er foreldre er dei viktigaste førebileta for borna våre og vi må vere bevisste på korleis vi er som førebilete.

 

Vi i Lions vil difor invitere foreldre i Sykkylven til kurs om dette på

 

Sykkylven Vidaregåande skule laurdag 1. februar kl 11.00 – 15.30

 

Vi har invitert fyljande foredragshaldarar:

 

-Arne Klyve, som er undervisningssjef ved Stiftelsen Bergensklinikkene og ein ressursperson i Noreg innan dette området – korleis vere gode foreldre/rollemodellar.

 

-Vebjørn Moa, som er lensmann på Nordfjordeid og har lang erfaring innan narkoarbeid frå Ålesund og Nordfjord.

 

Representantar frå Lensmannen i Sykkylven orienterer om dei ulike type narkotika og gjev råd som kan gjere det lettare å  oppdage narkotikamisbruk. 

 

Vi har plass til ca 90 personer og vil dele inn i tre grupper à 30 stk. i kvar sitt klasserom.

Pris kr 100,- pr. pers. for kurset inkl. ein matbit og kaffi.

 

Du kan melde deg på pr. e-post til fyljande adresse: kurs@lions.sykkylven.com

Eller til Frivillighetssentralen tlf. 70 24 68 36 mob 907 33379 kl 09 – 15

Påmeldingsfrist: fredag 24. januar 2003.

Då vi har begrensa med plasser, er det dei 90 først påmelde som får plass.

 

Vi i Lions vil saman med ordføraren i Sykkylven oppfordre foreldre til ungdom i Sykkylven om å melde seg på dette kurset.  På denne måten kan du gi ditt bidrag til at vi får ei god bygd å bu i.

 

Beste helsing

 

Marit Gjerde Winsrygg                  Jan Kåre Aurdal           Steinar Myrseth

Lions Club Sykkylven/Sigtuna                       Ordførar                                 Lions Club Sykkylven